- musikk
- litteratur
- kunst
- god mat og drykk
- Moder Jord(kall det gjerne "skaparverket" - i litt vidare forstand)
- Livet, Universet og Allting
- min Elskede
Kakao på termos - mk II (Oppfylgjing)
Altså...
Moderne termosar har lure løysingar for opning og lukking og er uknuselege. Det har eg slege fast i førre innlegg. Men det er alltid eit visst utryggeselement i høve til eventuelle brukarfeil så eg sa til termosen sin eigar og brukar i dag tidlig før ho fekk han med seg på skulen: "Du må passa på at han er skikkeleg stengd att før du legg han attende i sekken". "Jaudå", kunne ho forsikra meg, "det plar eg alltid gjera", og eg slo meg til tåls med det svaret i og med at lille prinsessa er ei vetug lita ei. Anna kunne eg vel heller ikkje gjera.
Sekken me fekk med heim i dag etter skule/SFO var eit kakaokatastofeområde av tri grunnar: Termosen var ikkje skikkeleg stengd, særs lite av kakaoen som hadde vore i han tidligare på dagen var drukken opp og sekken låg flatt på ein pult i staden for å stå rett opp og ned.
Pappa Didjeridust ser for seg ei helg med omfattande vasking av ransel, penal, andre skulesaker og vottar og lue som låg i sekken. Lukkelegvis var det ikkje bøker oppi. Trøyster meg med det.
Kommentarer
All sympati! :har nettopp hentet bil fra renseri pga oppkast:
|
|
Postet 06-11-09 kl 18:21 av Kanina |
Sånt er forresten dømt til å skje opptil flere ganger i løpet et liv som skoleelev.
|
|
Postet 06-11-09 kl 18:22 av Kanina |
Uffda, det var en trist start på kakaosesongen.
Du får trøste deg med at nå kan det kun bli bedre. |
|
Postet 06-11-09 kl 19:02 av Schnuppa |
Au au... Er vel ingen trøst i å si at du får bare venne deg til det.
|
|
Postet 06-11-09 kl 19:19 av Inagh |
Oppsann.
Håper du klarer å få det vekk og at det ikkje setter seg lukt. |
|
Postet 06-11-09 kl 19:25 av Hjertensfryd |
Hehe, modernisering hindrer ikke alle ulykker. :fnise:
|
|
Postet 07-11-09 den 10:34 av |
- Blokkfløyte - ei oppdatering (07-02-13)
- Blokkfløyte - hata eller elska? (30-10-12)
- Mmmmmmmorgonstemning (20-09-10)
- Symbolikk i eit vridd band (03-06-10)
- Skitt skjer...(men vondt gjorde det ikkje...) (20-03-10)